Kort fortalt

Sjølvbetening skal berge nærbutikken

Fleire og fleire bygdebutikkar går over til sjølvbetening.

NPK
20.01.2023

Det melder NRK.

Så langt har om lag 40 butikkar sjølvbetening. Det tyder at kunden kan låsa seg inn og bruka butikken utan at tilsette er til stades. Mange av dei sjølvbetente butikkane er døgnopne.

Ordninga med sjølvbetente butikkar byrja som eit prøveprosjekt i 2020. Dei åtte butikkane som deltok i prøveprosjektet auka omsetnaden med i gjennomsnitt 49 prosent.

Gjennom Merkur-programmet kan nærbutikkane få økonomisk støtte til å gå over til sjølvbetjening. Målet med Merkur-programmet er å sikra folk i distrikta tilgang til daglegvarer og andre butikktenester.

Merkur-konsulent for Sogn og Fjordane og Sunnmøre seier til NRK at nærbutikken ofte er veldig viktig for små bygder, og at overgangen til sjølvbetening har vore ein suksess.

Publisert: 20.01.2023 17:01

Sist oppdatert: 20.01.2023 17:02