(NPK-NTB): Eksportverdien av norsk sjømat held seg framleis over fjorårets rekordnotering, trass i nedgang i september.
Hittil i år er det eksportert sjømat for 76,7 milliardar kroner, noko som svarer til ein verdivekst på 1 prosent, eller 623 millionar kroner, målt mot same periode i fjor, viser tal frå Noregs sjømatråd.
– At vi framleis held oss over fjoråret i eksportverdi, kjem av den sterke inngangen på året, ei svak norsk krone og auka eksportvolum og bearbeiding av enkeltprodukt, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd.
Det største verdiauken finn vi på sild, makrell og produkt av desse, medan det har vore eit fall i eksportverdien for laks, klippfisk av torsk og reker.
I september vart det eksportert sjømat for 8,6 milliardar kroner, noko som svarer til ein nedgang i eksportverdien på 2 prosent, eller nærare 150 millionar kroner, målt mot same periode i fjor.
Også kvartalsvis er det nedgang, med 5 prosent i tredje kvartal i år målt mot same kvartal i fjor.
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) ser likevel positivt på situasjonen.
– Rekordhøg eksportverdi i årets ni første månader er utruleg imponerande. Igjen viser næringa at ho har mange bein å stå på. Noreg er kjent for å vere ein sikker tilbydar av sunn og trygg sjømat, og det har vore viktig i denne perioden med stor uvisse, seier han.
Det er framgangen i årets første kvartal som reddar situasjonen. Då gjekk eksportverdien opp med heile 11 prosent.
(©NPK)

Publisert: 05.10.2020 08:14
Sist oppdatert: 07.04.2021 17:28