Kort fortalt

Sjøvasskjølar til Larsnes-båt

Ny kontrakt for Hydroniq Coolers.

28.05.2020
Ellingsøy-selskapet Hydroniq Coolers har blitt tildelt ein kontrakt frå Larsnes Mek Verksted for å levere eit skrogintegrert sjøvasskjølingssystem til ein ny brønnbåt som verftet skal byggje for Rostein.
Brønnbåten er designa av Skipskompetanse i Måløy og er på 79,27 meters lengde og 15 meters breidde, med ein lastekapasitet på 2 800 kubikkmeter.
– Dette er den niande i rekka av brønnbåtane til Rostein som vert bygde av Larsnes Mek, og vi har vore heldige nok til å levere sjøvasskjølarane våre til fleire av disse, seier Hans Robert Almestad, sals- og marknasdirektør hos Hydroniq Coolers, i ei pressemelding.
Hydroniq Coolers skal levere selskapets «Rack» sjøvasskjølar til brønnbåten. Denne typen sjøvasskjølar er integrert i skroget under fartøyets hovedmaskinrom.
Skroget skal leverast frå Marine Projects i Gdansk til Larnes Mek i slutten av november i år. Levering til reiarlaget er planlagt slutten av mai 2021.

Publisert: 28.05.2020 11:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26