Kort fortalt

Skal sjekke 3.000 private barnehagar

Opprettar nasjonalt tilsyn.

05.06.2020
NPK-NTB: Eitt nasjonalt tilsyn får ansvar for kontrollen av 3.000 barnehagar når Stortinget tek frå kommunane tilgjenge til å sjekke økonomien i private barnehagar.
Innføringa av ordninga skjer trass protestar frå KS og storbyar som Bergen og Oslo, skriv Klassekampen. Helge Eide i KS meiner det svekkjer moglegheita for kommunane for å følgje opp ansvaret dei har for å sikre barnehagedrift på tvers av kommunale og private barnehagar.
Samtidig med at kommunane vil miste moglegheita for å sjekke om pengane private barnehagar får frå det offentlege og gjennom foreldrebetaling blir brukt på riktig måte, vil ansvaret for slik kontroll bli overført til eitt nasjonalt tilsyn sortert under Utdanningsdirektoratets kontor i Molde. I statsbudsjettet er det sett av 10 millionar kroner for å etablere dette kontoret.
– Det er ikkje noko som tyder på at regjeringa har ambisjonar om å få på plass eit tilsyn som er sterkt nok til å gjere den jobben som trengst. Dei tek frå kommunane ansvaret og har ein altfor svak plan for det nasjonale tilsynet, seier SV-leiar Audun Lysbakken.
Bakgrunnen for at eit fleirtal på Stortinget vil gå inn for å etablere eit nasjonalt tilsyn, er mellom anna at det i dag finst store kjeder av private barnehagar som er etablerte i fleire kommunar, noko som gjer den økonomiske kontrollen krevjande.
– Kommunane kan i dag ikkje føre tilsyn med alle barnehagar i same selskap, viss dei ligg i ulike kommunar. Det har vorte vanskelegare å følgje pengane, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) til NTB.
Berre 1 prosent av dei private barnehagane har hatt eit økonomisk tilsyn mellom 2013 og 2016, og det er for dårleg, seier Melby.
– Derfor vil vi at det nye økonomiske tilsynet skal ha spisskompetanse på tilsyn av private barnehagar, og at dei skal kunne føre tilsyn med endå fleire, seier ho.
Ho viser til at mange små kommunar ikkje har same moglegheit til å føre tilsyn som dei større.
– Vi har på ingen måte opna for at private barnehagar kan ta ut meir utbytte enn før. Partia som påstår dette, kan ikkje ha sett seg godt nok inn i forslaget. Vi får mange spørsmål om kva som eigentleg er eit rimeleg årsresultat for barnehagane. Dette har vi klargjort i det nye regelverket, seier ho.

Publisert: 05.06.2020 18:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26