Kort fortalt

Skatteinntektene steig i fjor

Kraftig auke for innbetaling av formuesskatt.

12.12.2023

(NPK-NTB): Folk i Noreg betalte 654 milliardar kroner i skatt i fjor. I fjor auka statsinntektene frå personskatt med 2,7 prosent. Den beskjedne veksten kom av auka inntektsfrådrag for gjeldsrenter og fall i kapitalinntekter.

Med det var veksten i personskatt i fjor tilbake på eit normalt nivå, etter at han auka med heile 13,7 prosent i 2021 fordi dei med med størst formue tok ut svært mykje utbytte før det kom endringar i skattesatsen i 2022.

Det skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

I alt vart det innbetalt 654 milliardar skattekroner frå 4.286.750 skattytarar i Noreg i fjor. Av dette stod inntektsskatt for 373 milliardar kroner.

Samtidig vart det betalt 26,2 milliardar kroner i formuesskatt i 2022, som er ein auke på 42,6 prosent frå året før. Ifølgje SSB har endringar i satsar og verdsetjingsrabattar bidrege til auken i innbetalt formuesskatt.

(©NPK)

Publisert: 12.12.2023 11:29

Sist oppdatert: 12.12.2023 11:29

Mer om