Kort fortalt

Skattesemje om vindkraft på land

Grunnrenteskatten blir 25 prosent.

13.12.2023

NPK-NTB-Fredrik Moen Gabrielsen: Etter utsetjingar og overtid vart det tysdag omsider semje på Stortinget om grunnrenteskatt for landbasert vindkraft. Effektiv skattesats blir sett til 25 prosent. Den kjem i tillegg til ordinær selskapsskatt.

Det er semje mellom Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti.

– Det er bra at vi no klarer å samle eit breitt politisk fleirtal som gjer at grunnrenteskatt på landbasert vindkraft kan stå seg over tid. Det er ein lang og god tradisjon i Noreg at verdiar som blir skapte med dei felles ressursane våre, også kjem fellesskapen og lokalsamfunn til gode, seier leiar Eigil Knutsen i finanskomiteen og finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet.

Grunnrente er skatt på inntekter frå bruk av felles naturareal. I forslaget frå regjeringa, som vart lagt fram tidlegare i haust, går det fram at det for landbasert havvind vil vere ein kontantstraumskatt på overskotet.. Regjeringa foreslo opphavleg ein effektiv skattesats på 35 prosent.

Innstillinga blir levert i finanskomiteen 15. desember.

Publisert: 13.12.2023 13:29

Sist oppdatert: 13.12.2023 13:29