(NPK-NTB) Matkjedene og næringsmiddelindustrien meiner eit lovforbod mot kasting av mat vil vere lite målretta. Dei vil heller ha ein bransjeavtale.
Eit klart fleirtal på Stortinget har gått inn for å «greie ut og eventuelt foreslå» eit slikt forbod. Coops miljøsjef meiner det har lite for seg og påpeiker overfor at det er dårleg bedriftsøkonomi å kaste mat.
– Ingen i bransjen ønsker å kaste mat, og det blir gjort mykje for å redusere matsvinnet. Vi meiner det er unødvendig å lovregulere ei åtferd som ein prøver å unngå, seier miljøsjef Knut Lutnæs. Han seier at kjeda hans har nullvisjon på området.
Kommunikasjonssjef Anne Marie Schrøder i Matvett, ein bransjeorganisasjon som motarbeider matsvinn, seier aktørane i bransjen arbeider med ein forpliktande, men frivillig avtale.
– Det šhar ikkje hensikt å gå inn for ei lov om matkasting før ein ser resultata av ein forpliktande avtale, skriv ho i ein e-post. Ho peiker også på at matbransjen berre står for ein tredel av matsvinnet og at eit lovforbod kan bli lite målretta. Schrøder seier også at med mindre det blir oppretta eit landsdekkjande mottaksapparat, vil eit forbod berre skuve problemet «lenger ut i verdikjeda».

Publisert: 11.01.2017 09:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43