Kort fortalt

Skyssbåt frå Trandal grunnstøytte

14.08.2023

Skyssbåten Ravn frå Christian Gaard Bygdetun grunnstøytte natt til søndag, skriv Sunnmørsposten.

Alle dei ni personane om bord kom frå det utan alvorlege skader, då båten gjekk på Molaupsneset og la seg over på sida.

Båten frakta passasjerar frå countryfestivalen på Trandal.

– Det skal jo ikkje skje, men så skjedde det, og for dei involverte var dette dramatisk, seier Daniel Storeide som er ansvarleg for skysstrafikken, til avisa.

Politiet skal etterforske årsaka til ulukka og Storeide seier til avisa at dei vil ha ei debrifing i etterkant.

Publisert: 14.08.2023 09:36

Sist oppdatert: 14.08.2023 09:36

Mer om