Christian Gaard Daniel og Lenita
TRANDAL: Daniel og Lenita Storeide driv Christian Gaard. Etter ein nedtur i fjor, har det lysna i år, og søskena håpar at 2022 vert eit meir normalt år. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Optimistar etter eit tøft fjorår

Det lysnar etter eit tøft fjorår for besøksgarden på Trandal. Lenita og Daniel Storeide håpar det meste vert normalt neste år.

15.10.2021

– Vi gler oss til neste år, og håper det då er endeleg slutt på korona, uvisse og restriksjonar.

Det seier dagleg leiar Daniel Storeide ved Christian Gaard Bygdetun på Trandal.

Eitt år er gått sidan han og søstra Lenita var intervjua i NETT NO-magasinet som bar tittelen «Optimistane» på framsida. Då stod dei midt oppe i det som var eit svært tøft år.

– Vi prøvde å halde ope, og så måtte vi stenge på grunn av nye restriksjonar. Slik heldt vi på ei lang stund, før vi til slutt valde å stenge heilt ned fram til sommaren.

- Det var tøffe tak, og vi var periodevis litt langt nede. Men vi gir oss ikkje. Det gjer vi aldri, seier Daniel Storeide.

(saka held fram etter tabellen)

Christian Gaard Bygdetun
Årsrekneskap ( i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 8,5 10
Driftsresultat -0,06 1,7
Resultat før skatt -0,2 1,7
Nordic Lady 2
SKYSS: Daniel Storeide kjøpte skyssbåten Nordic Lady rett før koronapandemien slo til. Foto: Kjetil Haanes

Lite koronastøtte
Daniel Storeide seier at det var den kommunale skyssavtalen i Hjørundfjorden som langt på veg berga selskapet gjennom året.

- Vi har skuleskyss og barnehageskyss, i tillegg til ein del skyss for heimesjukepleien.

Derimot måtte selskapet sjå langt til store koronamidlar.

- Vi fekk litt kommunal støtte, men kom dårleg ut når det gjeld statlege midlar.

Mange individuelle gjestar
I år har det derimot gradvis lysna for dei unge drivarane av bygdetunet som faren Frank Storeide og mora Torill Fjeldstad bygde opp.

- Ja, det ser heldigvis mykje betre ut i år, seier Daniel Storeide.

- Ikkje minst har vi hatt mange individuelle gjestar. Eit fint vêr i sommar har hjelpt godt på.

Det ser heldigvis mykje betre ut i år
Daniel Storeide

Vassendgutane og Vamp
I tillegg har ein gradvis opna opp med musikkarrangement, med inntil 500 gjestar. Det har vore fullt hus på både country- og bluesfestival, og det same under konsertar med Vassendgutane og Vamp.

Daniel Storeide seier at det også har vore bra med bryllaup, konfirmasjonar og bedriftsarrangement.

- Og til helga skal vi ha skjenkinga under ein konsert med Ørsta-bandet Crashville i Ørstahallen. Alt slikt kjem godt med, seier Storeide.

Dette er NETT NO-magasinet

I tillegg til vår nettavis utgir vi også eit spesialmagasin ein gong i året med eit opplag på ca 8000.

Magasinet blir sendt ut til bedrifter, flyplassar og institusjonar frå Molde i nord til Sandane i sør.

Les tidlegare utgåver

Christian gaard
CHRISTIAN GAARD: På Christian Gaard finn ein mellom anna gjestehus, serveringsstad, pub og utandørsscene, Foto: Kjetil Haanes

Rekordår for fleire
Fleire av dei som blei intervjua i NETT NO-magasinet i fjor har opplevd rekordår under pandemien. Både Richard Grov og Hotel Alexandra-konsernet i Stryn og Coldwater Prawns of Norway i Ålesund opplevde store omveltingar – men landa på føtene med auka lønnsemd i «kriseåret».

Sjølv på eit delvis stengt kjøpesenter på Moa, klarte Bæra-gründer Linda Rogne Waag å levere det beste resultatet for smothiebaren med noko attåt. Roger Hofseth fekk stoppa produksjonen hos Hofseth International i haust, men dei leverte eit rekneskap for fjoråret med rekordomsetning.

(saka held fram under)

Meir om «optimistane» frå NETT NO-magasinet:

Kjøpte skyssbåt
Ved Christian Gaard Bygdetun på Trandal gjekk med dei med vel 200.000 kroner i minus i fjor.

- Vi sparde der vi kunne, men vi hadde rett før koronaen kjøpt skyssbåten Nordic Lady for rundt fem millionar kroner, slik at vi også sat med mykje gjeld vi måtte handtere.

Vi sparde der vi kunne
Daniel Storeide

Lokalt eigd
Selskapet har ein samla eigenkapital på 2,9 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 5,0 millionar, der 4,3 millionar kroner er knytt til kjøpet av skyssbåten Nordic Lady, ein båt som kan ta opp til 44 passasjerar og har ei toppfart på 44 knop.

Daniel Storeide og familien bur sjølv på Trandal, medan søstra Lenita og familien bur i Ørsta.

Daniel Storeide eig 55 prosent av selskapet, Lenita Storeide 35 prosent og Hallgeir Skorpen frå Herøy eig 10 prosent.

Publisert: 15.10.2021 11:02

Sist oppdatert: 15.10.2021 13:05

Mer om