Daniel Storeide foto kjetil
TRANDAL: Rekordomsetning for Daniel Storeide og Christian Gaard Bygdetun, men høge drivstoffprisar har vore ei utfordring. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Saknar båtfolket - slår likevel rekorden

Daniel Storeide merkar at drivstoffprisane har stoppa båtfolket. Men Christian Gaard har aldri hatt høgare inntekter.

30.09.2022

- Vi har ikkje sett mange båtar frå Fosnavåg og andre stader i år. Det er tydeleg at drivstoffprisar på over 20 kroner literen har vore tungt å svelgje for mange.

Det seier Daniel Storeide på Christian Gaard Bygdetun på Trandal, som han driv saman med søstra Lenita Storeide.

Og båtane som har kome, har gått mykje saktare enn før.

- Ja, mange har prøvd å spare drivstoffkostnader på den måten.

- På turane innover til Geiranger har eg sett mange båtar som har gått med 6-7 knop, båtar som normalt går godt over 20 knop.

Daniel 2
SØSKEN: Daniel og Lenita Storeide overtok drifta av bygdetunet etter foreldra, og utvidar med stadig nye tilbod. Foto: Kjetil Haanes

Enorme drivstoffkostnader
Sjølv har Storeide merka drivstoffprisane, spesielt på den faste ruta med passasjerar frå Ålesund til Hjørundfjorden.

- Her har vi tre turar dagleg, og med den største båten vi brukar går det med 900 liter. Dermed vert det fort 15.000 - 18.000 kroner dagen.

- Det skal mange passasjerar til for å dekke slikt, og i år har det i tillegg vore dårleg med passasjerar på denne ruta, spesielt i juli.

Ny rekord
Tap på denne ruta trekker ned resultatet for Christian Gaard Bygdetun. Derimot er det rekordomsetning.

- I fjor klarde vi 11,9 millionar kroner, som var veldig bra. Men i år ser vi ut til å passere denne summen med god margin. Overskotet er det verre med.

Viktige festivalar
Han seier at dei tradisjonsrike festivalane, både rock, country og blues, har bidrege positivt.

- Ja, det har vore veldig bra besøk på festivalane i år.

Men i tillegg har det vore mykje bedriftsbesøk og feiringar.

- Vi har blant anna hatt mange bryllaup. Sist helg kom endåtil brudeparet ridande på hest inn på tunet her.

På turane innover til Geiranger har eg sett mange båtar som har gått med 6-7 knop, båtar som normalt går godt over 20 knop
Daniel Storeide
285975330 436921061767754 8894732466906148038 n
BRYLLAUP: Mange legg slutta lag til Trandal. I det siste har det vore ekstra mange bryllaup. Foto: Christian Gaard

Fire båtar
I tillegg til servering, overnatting og kulturopplevingar, driv Daniel Storeide og laget hans med safari og skyssbåt-tenester. Fire båtar har ein no etter at det i år vart kjøpt inn ein Sargo 33, med plass til seks-sju passasjerar.

- Vi brukte mykje av overskotet på 1,5 millionar kroner i fjor til denne investeringa.

Samarbeid med Union Øye
Med denne båten tek ein med gjester som vil betale litt ekstra for ei ekstra fin oppleving.

- Vi har blant anna hatt ein god del gjestar frå Union Øye, som til dømes vil ha ein rundtur i Hjørundfjorden, ein tur til Geiranger eller ein tur til Skotholmen i Herøy.

- Hittil er dette konseptet tatt godt imot.

I haust skal også Daniel Storeide stille med ein av båtane på kvalsafari ut frå Tromsø.

- Kjekt, sjølv om to månader er lenge å vere vekke heimanfrå.

- Det ser bra ut
Totalt er det no sju tilsette ved Christan Gaard. Daniel Storeide seier at ein prøvar å halde oppe aktiviteten også i vintermånadene.

- Ja, vi køyrer på for fullt, men vi reknar uansett med at aktiviteten vil dale litt i vinter.

- Uansett jobba vi alle så mykje i sommar, at vi allereie har eit godt årsverk.

Han er optimistisk for framtida.

- Ja, det ser bra ut. Og kanskje kjem snart båtfolket også tilbake. Dei har vore sakna, seier Daniel Storeide som saman med søstra Lenita driv bygdetunet som faren Frank Storeide og mora Torill Fjeldstad bygde opp.

Publisert: 30.09.2022 10:35

Sist oppdatert: 30.09.2022 22:29

Mer om