Kort fortalt

Slepebåt blir selt på tvangsauksjon

Forlaten med mannskap i Langevåg.

08.10.2020
Sjøfartsdirektoratet har teke arrest i båten «Diavlos Force», og no vil fartøyet bli selt på auksjon, ifølgje.
Slepebåten kom til Norge i september då den slepte eit skrog til Vard sitt verft i Brattvåg. Då skal mannskapet ikkje ha fått lønn på fleire månader og det greske reiarlaget som eig båten skal ha økonomiske problem.
Den internasjonale fagorganisasjonen «International Transport Workers Federation» (ITF) blei varsla då båten kom til Sunnmøre. ITF-inspektør Syver Stokstad Grepstad meiner mannskapet er utsett for ein moderne form for slaveri og at Vard kjente til at det var problem med fartøyet.
Dette blir avvist av verftdirektør Dag Vikestrand ved Vard Brattvaag, som seier konsernet ikkje var kjent med at reiarlaget hadde økonomiske problem, då dei blei hyra inn.
- Vard er opptekne av ryddige arbeidsforhold, og aksepterer ikkje det som i ettertid er avdekka i dette tilfellet, seier han til NRK.

Publisert: 08.10.2020 18:19

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:39