Kort fortalt

Slepp å møte på jobben

Telenor-tilsette får jobbe der ein vil.

04.06.2020
NPK-NTB: Onsdag kveld gav Telenor-sjef Sigve Brekke beskjed til alle tilsette om dei framover kunne jobbe kvar dei ville og ikkje treng å møte fysisk på arbeidsplassen.
Erfaringane frå koronautbrotet er så positive at konsernsjefen onsdag kveld sende ut ein e-post til alle tilsette. Der står det at den tilsette kan få velje sjølv kvar jobben skal utførast, om det er på jobb, heimanfrå eller frå hytta, skriv .
Rundt 90 prosent av Telenors 20.000 tilsette i ni land har hatt heimekontor dei siste dryge to månadene under koronautbrotet.
– Denne tida har vore ein augeopnar for andre måtar å jobbe på, seier Brekke.
– Dette gir alle fleksibilitet og har vist seg å vere meir effektivt for oss. Vi får kopla fleire menneske saman og bryt med det klassiske hierarkiet i ei bedrift. Eg trur dette er arbeidsplassen i framtida, seier Brekke.
Han seier det var viktig å ta ei avgjerd om at dei tilsette kan halde fram med dagens ordning no, medan dei framleis er heime, og ikkje vente til folk er tilbake på arbeidsplassen.
I framtida ser han for seg ei løysing der tilsette møte på jobb tre dagar og er heime to dagar i veka.

Publisert: 04.06.2020 09:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26