NPK-NTB: Bedrifter i så å seie alle norske kommunar får nyte godt av kuttet i arbeidsgivaravgifta som blir sett i verk for å hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa.
Regjeringa følgjer opp stortingsvedtaket om redusert arbeidsgivaravgift i revidert nasjonalbudsjett, som blir lagt fram tysdag.
– Det er eit kutt på 4 prosentpoeng i alle soner. For Nord-Troms og Finnmark, som ikkje har arbeidsgivaravgift, blir det eit lønnstilskot tilsvarande 4 prosent, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).
– Tiltaket blir sett inn i mai og juni for å ta ned kostnaden med å få folk tilbake i arbeid, i den perioden der vi no opnar opp.
Totalt er det snakk om ein skattelette på rundt 8 milliardar kroner, der 2 milliardar er til kommunane og 6 milliardar til næringslivet.
– Det bidreg til å gjere det meir lønsamt å halde folk i arbeid, seier Sanner til NTB.
Finansdepartementet har rekna ut korleis skattekuttet slår ut per kommune. Tala inkluderer redusert skatt til både kommune og næringsliv.
Ikkje uventa er det Oslo som får den største effekten med 1,8 milliardar kroner i redusert skatt til kommune og næringsliv.
Elles får Bergen 558 millionar, Bærum 327 millionar, Stavanger 253 millionar, Kristiansand 186 millionar, Drammen 156 millionar, Tromsø 147 millionar, Asker 130 millionar, Lillestrøm 127 millionar og Trondheim 25 millionar kroner.
Departementet understrekar at tala er uvisse anslag baserte på tal frå mai og juni 2019.

Publisert: 11.05.2020 15:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27