Kort fortalt

Slit med å utbetale feriepengar

Kvar tredje reiselivsbedrift slit.

05.06.2020
NPK-NTB: 36 prosent av reiselivsverksemdene seier dei er ramma så hardt av koronakrisa at dei har problem med å betale ut feriepengar til dei tilsette.
Det viser ei medlemsundersøking som NHO Reiseliv har utført blant medlemsbedriftene sine, skriv Dagens Næringsliv.
Nesten halvparten av reiselivsverksemdene har den siste månaden hatt ein nedgang i omsetnaden på mellom 76 og 100 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Åtte av ti har permittert tilsette, fire av ti planlegg oppseiingar, medan 43 prosent meiner det er ein reell fare for konkurs. 44 prosent manglar pengar til å betale rekningar.
Det er særleg hotell som baserer seg på utanlandske turistar og konferansar, som slit.

Publisert: 05.06.2020 13:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26