Kort fortalt

Slutt for restaurant og reingjering

Konkursar i Fosnavåg og Sykkylven.

Marius Rosbach
20.05.2022

I løpet av veka har Møre og Romsdal tingrett opna konkursar i to selskap.

Måndag meldte Fosnvåg-selskapet Kr Tjenester oppbod berre to år etter det blei starta opp.

Ifølgje rettspapira har restaurantselskapet gjeld på kring ein halv million kroner, og null i verdiar. Fem tilsette har jobba i selskapet som hadde ei omsetning på kring 750.000 kroner i eit underskot på 265.000 kroner i fiølgje 2020-rekneskapen.

Bustyrar er Hege Robudal Stenkløv og første skiftesamling er i slutten av juni.

Seinare i veka melde reingjeringsselskapet Insepa Drift i Sykkylven oppbod. Firmaet har også vore i drift i kort tid – drygt tre år. Den høgste inntekta kom i 2020 med ei omsetning på 1,3 millionar og eit lite underskot, ifølgje rekneskapa.

Bustyrar er Mari Vik-Slettvoll og første skiftesamling er 20. juni.

Publisert: 20.05.2022 14:25

Sist oppdatert: 20.05.2022 14:27

Mer om