Kalstad montering 33
SYKKYLVEN-KONKURS: Kalstad Montering hadde mellom anna spesialisert seg på oppføring av stålbygg. No er verksemda innstilt. Skjermfoto: Kalstadmontering.no
Nytt

Krig og korona velta byggefirma

– Vi er blitt for sårbare mot verdsøkonomien, fortel styreleiaren i Sykkylven-bedrifta.

Marius Rosbach
04.05.2022

Møre og Romsdal tingrett opna tysdag konkurs i Kalstad Montering, etter at selskapet melde oppbod.

Konsekvensane av koronapandemi og krigen i Ukraina er årsakene til at Sykkylven-bedrifta kastar inn handkleet.

Første skiftesamling i saka er 13. juni, og bustyrar er Bjørn-Ivar Borgund.

Gjeld på kring 4,2 millionar
I kjennelsen frå tingretten går det fram at gjelda i selskapet er oppe i kring 4,2 millionar, medan verdiane i selskapet blir anslått til knappe 2,5 millionar kroner.

– Det har vore to år med mangel på personell, der vi har vore nøyd til å leige inn mannskap. Samtidig har prisane på råvarer auka, og no har dei auka på nytt på grunn av krigen i Ukraina, fortel styreleiar Annette Kalstad til NETT NO.

– Er blitt for sårbare
Kalstad Montering blei starta opp i 2011 og har hatt opptil 11 personar i arbeid. Firmaet spesialiserte seg på nybygg, rehabilitering av tak og oppsetting av stålbygg.

No er verksemda innstilt. Kalstad fortel at dei fleste tilsette har fått seg anna arbeid. Slik situasjoen har utvikla seg, har også ho mista trua på bransjen og ser fram til å starte med noko nytt.

– Vi er blitt for sårbare mot verdsøkonomien, og ser at vi ikkje klarer utfordringane våre, seier Kalstad.

Råvaremangel og auka lønningar
Rekneskapa til byggefirmaet har stort sett vist overskot, men marginane har vore små. Inntektene til firmaet enda på meir enn 21 millionar kroner i 2020.

Også det året gjekk med overskott, men i årsrapporten skriv leiinga at likvidideten er pressa. Årsaka var råvaremangel og auka kostnader til lønninger for å halde på dei tilsette etter at koronapandemien slo til.

Eigenkapitalen gjekk tapt
I årsrapporten for 2020 blir påpeika at hendingar ved starten av 2021 gjorde at eigenkapitalen var tapt.

På det tidspunktet hadde dei hatt ein positiv trend nokre månader, men det blei påpeika at det var usikkerheit kring den vidare drifta om ikkje innteninga og likviditeten betra seg.

Publisert: 04.05.2022 15:57

Sist oppdatert: 05.05.2022 00:11

Mer om