Tilbake på nivået før pandemien
Bygg og anlegg står for éin av tre konkursar i Møre og Romsdal så langt i år.
Tala over konkursar og tvangsavviklingar så langt i år, viser at talet på slike saker er tilbake på nivået frå før koronapandemien.
I 2022 er det per måndag registrert 42 konkursar og 7 tvangsavviklingar i Møre og Romsdal.
Talet etter eit drygt kvartal av 2019 – året før pandemien slo til - var på same nivå – med 43 konkursar og 3 tvangsavviklingar i Møre og Romsdal.
Éin av tre konkursar i bygg- og anlegg
Bedrifter i bygg- og anleggsbransjen har vært overrepresentert på
konkursstatistikken de siste åra. Tallene så langt i 2022 er ikke noe
unntak, og bransjen står for hele 15 av de 42 konkursene i fylket så
langt i år.
Det tilsvarer rundt en tredel – om lag det same nivået som tidleg om hausten i fjor.
Båd i transport og lagring og i overnatting og servering er det berre opna tre konkursar, til trass for at dette er bransjer som har vore hardt råka av smitteverntiltaka. Også industrien og varehandelen er det låge tal med høvesvis fire og tre konkursar så langt i år.
Siste tall i statistikken er selskapet Janco, som før helga melde oppbod til Møre og Romsdal tingrett.
Ifølgje kjennelsen fra tingretten har selskapet en gjeld på drøyt 600.000 og verdier for rundt 75.000 kroner. Bjørn-Ivar Borgund er bostyrer i saka som har første skiftesamling 23. mai.
Firmaet blei starta i 2018 for å drive med produksjon av maskiner og utstyr til nærings- og nytelsesmiddelindustrien. Selskapet er et norskregistrert utenlandsk foretak med adresse på Seychellene. Tidligere har selskapet hatt adresse på Håhjem Industripark i Skodje.
Konkursnedgang under pandemien
Stikk i strid med dei første forventingane under pandemien, gjekk konkurstala ned i staden for opp.
I fjor på denne tida var det berre registrert 30 konkursar og 8 tvangsavviklingar i Møre og Romsdal. Nivået på konkursopningar i år, ligg no med andre ord kring 30 prosent over fjoråret.
Årsaka til nedgangen i talet på konkursar under pandemien, hadde mykje å gjere med at styresmaktene innførte ein form for «koronaamnesti». Heilt fram til hausten 2021 lot dei vere å følgje opp krav på same måte som før.
Var fleire konkursar i 2020
I «koronaåret» 2020 var det 53 konkursar og 3 tvangsavviklingar den 11. april.
Det er kring 20 prosent fleire enn i år og 2019, men konkursane har likevel lite samanheng med pandemien.
I starten av april i 2020 hadde landet vore nedstengt kring ein månad, men konsekvensane hadde ikkje starta å gjere seg gjeldane på konkursstatistikken.
Publisert: 11.04.2022 13:33
Sist oppdatert: 30.09.2023 16:16