Kort fortalt

Slutt for Sørdal Kjøtt i Syvde

Selskapet Sørdal Kjøtt i Syvde har meldt oppbod etter fleire år med negativt driftsresultat.

04.01.2014
I følgje Brønnøysundregistra vart oppbudet meldt 3. januar i år. Bustyrar er advokat Per Maurset i Stryn, og første skiftesamling vert 10. februar ved Søre Sunnmøre tingrett i Volda.
Sørdal Kjøtt hadde i perioden 2010 til 2012 stabile driftsinntekter på mellom 5,7 og 5,9 millionar kroner, men resultatet før skatt var alle åra negativt og varierte mellom minus 194.000 og minus 327.000 kroner.

Publisert: 04.01.2014 09:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22