NPK-NTB: Dei neste seks månadene skal norske produsentar levere 660.000 smittevernfrakkar, 1,7 millionar visir og 200.000 operasjonsluer til norsk helsevesen.
I tillegg er det inngått avtalar om produksjon av inntil 20.000 liter desinfeksjonsvæske i døgnet, opplyser Helse sør-aust og Sjukehusinnkjøp i ei
Når det gjeld produksjon av eingongsvisir og smittevernfrakkar, har Sjukehusinnkjøp gjennomført konkurransar. Så mange tilbydarar har meldt seg at det har vore mogleg å gjennomføre, seier administrerande direktør Kjetil Istad.
– Vi har lagt vekt på vanlege innkjøpsfaglege kriterium som kvalitet, pris og leveringstryggleik. Sidan det framleis er viktig å skaffe dette utstyret raskt, har leveringstryggleik vorte gitt stor vekt, seier han.
Konkurransane vart gjennomførte som hasteinnkjøp. Det inneber at kvalifiserte leverandørar vart inviterte til ein konkurranse.
Blant leverandørane det no er avtalar med, er: Janusfabrikken AS i Bergen, ASAP Norway i Skien, Ekornes AS (Sykkylven), RK Grafisk AS/Grafisk Kompani AS (Oslo/Lillestrøm), Less AS (Østre Toten), Wilhelmsen Chemicals AS (Færder), Profil Emballasje AS (Vaksdal), Copycat AS (Oslo), Thure Trykk AS (Skien), 07 Media AS (Oslo).

Publisert: 24.04.2020 14:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28