Kort fortalt

Smitteverntiltak ved campingplassar

Skal gjere campingferien tryggare.

30.04.2020
NPK-NTB: Når campingsesongen blir opna, skjer det med ei bransjenorm for smitteverntiltak ved campingplassar.
Det er NHO Reiseliv som har laga ei bransjenorm for smitteverntiltak ved campingplassar, slik at gjester og tilsette kan føle seg endå tryggare og nyte campinglivet.
Ifølgje NHO tek bransjenorma utgangspunkt i prinsippa for smittevern som Helsedirektoratet har basert rettleiarane sine på: god hygiene, redusert kontakt mellom personar, og at sjuke personar skal vere i isolasjon eller karantene.
Dei presiserer at kvar enkelt verksemd likevel må vurdere sjølv og setje i verk dei tiltaka som dei meiner er nødvendige, ut frå storleiken på verksemda, gjestegrunnlaget og praktiske omsyn.

Publisert: 30.04.2020 12:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27