(NPK-NTB): Om ikkje lenge er det tomt for EL-skilt til elbilane. Vegdirektoratet går baklengs i alfabetet og erstattar dei med EK-serien.
I midten av mars var det registrert 76.666 elbilar i Noreg, og ifølgje er skiltet med kjenneteiknet EL 93000 allereie registrert.
– Bytet til EK er rett rundt hjørnet. EK 10000 kjem før det siste EL-skiltet er brukt opp, fordi trafikkstasjonane og bilforhandlarane har eit skiltlager dei må bruke opp, seier seniorrådgivar Jon Terje Presthus ved kontoret for køyretøygodkjenning og registrering i Vegdirektoratet.
Mens Norsk Elbilforening ønskte forkortinga EV for elbilar når EL-serien blir brukt opp, fall valet i staden på EK, som står for «elektrisk køyretøy» (©NPK).

Publisert: 22.03.2016 08:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47