Kort fortalt

Snøproblem for turfolket

Fjellturar stoppa av snø.

22.06.2020
NPK: Store snømengder i fjellet i år skaper vanskar for dei som har planar om fjellturar.
Stor snøsmelting i fjellet byr blant anna på problem for DNT-hyttene i fjellet.
– Vi må fly inn mat til fleire hytter enn det vi vanlegvis gjer, seier informasjonssjef Jonny Remmereit i Den Norske Turistforeininga til NRK.
Pilot Henning Hansen seier til kanalen at han aldri har sett meir snø i fjellet på denne tida av året.
– Det er veldig uframkommeleg, både til skogsbilvegar og for dei som driv turisthytter og anlegg i fjellet. Det er stor snøsmelting og vanskeleg å ta seg fram. Det er mange vinterutfordringar, sjølv på sommaren.
Mange merka løyper i fjellet har enno ikkje smelta fram, noko som byr på nok eit problem for turfolket.
– Eg vil anbefale kart og kompass og at ein har noko basiskunnskap når det gjeld å orientere seg. Ein kan gå seg vill. Eg vil anbefale å ha ein viss kunnskap, elles kan det bli farleg, seier Didrik Hjertås, vert på Trollheimshytta i Trollheimen.

Publisert: 22.06.2020 15:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26