(NPK): Sogn og Fjordane har funne ei ordning som skal halde vasskraftmilliardane unna Bergen i det nye storfylket.
– Vi har fått til ei løysing som sikrar at kraftinntektene også i framtida vil kome Sogn og Fjordane til gode, sa fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til NRK etter at ho vart samd med Hordaland om ein intensjonsplan for å slå seg saman til eitt fylke.
Sogn og Fjordane Energi har gitt fylkespolitikarane over ein milliard kroner i friske inntekter dei 15 siste åra. Ein del av avtalepakken med Hordaland er at Sogn og Fjordane framleis skal få ha 1,5 milliardar kroner i kraftinntekter frå Sogn og Fjordane Energi (SFE) i eit eige fond. Dette skal berre brukast innanfor det som er dagens fylkesgrenser, skriv NRK.
Tidlegare er det sagt at det siste ein ønskjer er at kraftgiganten BKK i Bergen skal kjøpe seg endå meir opp i SFE. Dei eig allereie ein del i selskapet, og vil dermed ha forkjøpsrett viss fylkeskommunen sel seg ned.

Publisert: 19.01.2017 15:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42