Kort fortalt

Sokkelhelikopterselskap i minus

No skal det kuttast kostnader.

30.03.2016
(NPK-NTB): Dei to store helikopterselskapa som betener norsk sokkel tapte 350 millionar kroner siste rekneskapsår.
Både CHC Helikopter Service og Bristow Norway er ein del av internasjonale konsern med rekneskapsperiodar som går frå vår til vår (mars/april).
Rekneskapane viser at CHC fekk eit driftsresultat før skatt på minus 238,2 millionar kroner, mens Bristow tapte 111,3 millionar kroner før skatt, skriv .
I årsmeldinga skriv CHC at inntektene i siste rekneskapsår gjekk noko opp i ein utfordrande marknad, mens lønn og sosiale kostnadar auka med 11,6 prosent, mykje på grunn av at pensjonskostnadane vart drivne opp.
Ifølge årsmeldinga ser selskapet lyst på framtida, og også Bristow trekkjer fram kostnadskutt som ei prioritert oppgåve. Selskapet definerer marknaden som svært konkurranseutsett, med små fortenestemarginar.
– Når det gjeld resultatet i 2015, reflekterer dette også nokre eingongskostnadar, i tillegg til dei auka leasingkostnadane, seier administrerande direktør Arne Roland i CHC som det siste året har redusert talet på tilsette frå 477 til 425. Talet på pilotar i selskapet er no 160, 30 færre enn i august i fjor.
Driftssjef Heidi Wulff Heimark i Bristow seier at milliardkontrakten med Statoil vil skape nye arbeidsplassar i Bergen og Florø frå neste vår.
– Det er for tidleg å gi eit eksakt tal på kor mange nytilsette vi får behov for her, eller kor mange tilsette det vil vere i selskapet utover i 2016, seier ho. (©NPK)

Publisert: 30.03.2016 08:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47