NPK: Statsminister Erna Solberg (H) kallar Hordfast eitt av dei mest samfunnsøkonomisk verdifulle vegprosjekta i landet.
– Eg meiner at det er rom for å kome i gang med begge prosjekta, seier statsminister Erna Solberg om Hordfast og ny veg og bane til Voss, .
Men Solberg ønsker ikkje å gi eit årstal på når prosjekta kan kome i gang, då det ofte blir vedteke bygging før dei veit om kostnadane og lagar tidsplanar dei i ettertid ser er urealistisk.
Ho varslar òg at det vil bli eit ekstraordinært statsbudsjett som blir lagt fram i oktober, på grunn av koronaviruset.
– Vi skal kjøpe vaksinar, for eksempel. Det blir ikkje billig. Fleire bransjar må dessutan framleis ha støtte, seier Solberg til Bergens Tidende.

Publisert: 21.08.2020 10:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25