Kort fortalt

Solid kvartal for Marine Harvest

Hadde sitt beste andrekvartal nokon gong.

24.08.2017
Laksegiganten Marine Harvest hadde eit operasjonelt driftsresultat på 198 millionar Euro i andre kvartal i år, opp frå 149 millionar Euro i same kvartal i fjor.
Konsernet la fram torsdag morgon, og melder om samla driftsinntekter i kvartalet på 884 millionar Euro, opp frå 832 millionar Euro i fjor.
Derimot gjekk slaktevolumet ned frå 87.159 tonn til 78.612 tonn.
Styret foreslår no eit kvartalsutbyte på 3,20 kroner aksjen.

Publisert: 24.08.2017 06:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41