NPK-NTB: Fredag blir truleg Spanias koronastatus endra frå grøn til raud. No er fristen for å unngå karantene ved innreise til Noreg sett, ifølgje Aftenposten.
Dei som kjem til Noreg frå Spania før klokka 24 fredag kveld slepp karantene, opplyser kommunikasjonsrådgivar Alexandra R. Tufteland i Helse- og omsorgsdepartementet til .
Mange har ifølgje avisa endra flybillettane for å prøve å unngå det nye karantenekravet.
Minst 12.000 nordmenn er i Spania, og Helsedirektoratet har åtvara om at dei sannsynlegvis må i karantene når dei kjem heim.
Ein eventuell 10-dagarskarantene må gjennomførast sjølv om Spanias status skulle endrast til grøn i karanteneperioden.

Publisert: 22.07.2020 08:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25