Kort fortalt

Spleisedugnad for slakteri på Otta

Nytt privat initiativ i Gudbrandsdalen.

01.12.2020
(NPK): Eit privat slakteri kan stå klart på Otta i Gudbrandsdalen i 2021. Det skal bli Nord-Europas mest effektive og vil kunne handtere om lag 5 prosent av marknadsdelen i Noreg på storfe og småfe, skriv Nationen.
Det er regionrådet i Nord-Gudbrandsdal som har tatt initiativ til ein kommunal dugnad for å få bygd nytt slakteri. Regionrådet foreslår at kommunane nord og midt i Gudbrandsdalen går saman om å finansiere eit nytt industribygg som kan leigast ut til det nye slakteriet som vert planlagt etter at Nortura har lagt ned Otta-anlegget sitt.
Ni kommunar i Gudbrandsdalen har nyleg fått invitasjon frå regionrådet til ei kronerulling. Her går det fram at dei ønskjer å byggje eit industribygg til 150 millionar kroner, som så skal leigast ut igjen til eit nytt slakteri. 50 millionar er eigenkapitalkravet – resten skal lånefinansierast.
Fleire kommunar har allereie signalisert at dei ser positivt på prosjektet. Eigedomsselskapet blir 100 prosent lokalt eigd.
Styreleiar i nye Gudbrandsdal Slakteri, Terje Jonny Sveen, opplyser at om finansieringsprosjektet går i orden, kan det bli byggjestart våren 2021.
– Tomta til det nye slakteribygget blir i så fall på Sandbumoen i Sel kommune, rett sør for kommunesenteret Otta. Her er allereie eit areal på 20–25 dekar snart klart til byggjegodkjenning, seier han til
Endeleg vedtak om støtte til nytt slakteribygg blir gjort i dei enkelte kommunane dei neste vekene.
(©NPK)

Publisert: 01.12.2020 16:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24