Ferje- og hurtigbåtreiarlaget Norled si kansellering av kontraktane på tre hurtigbåtar frå Brødrene Aa har sendt verftet inn i ei krise. Fristen for å finne ei løysing som kan berge verftet går per i dag ut fredag 16. mai.
Ein viktig brikke som må på plass er å finne kjøparar som vil ta over dei tre båtane.
– Sal av båtane er ein viktig del av det å finne ei løysing, seier styreleiar Gustav Johan Nydal i Brødrene Aa til Nett No.
Ulike interessentar
Nydal seier selskapet starta arbeidet med å finne kjøparar av alle tre båtane straks Norled kansellerte kontrakten på den første båten 2. april.
Denne veka vart det kjent at Norled også kansellerte kontraktane på dei to siste, noko verftet rekna med, ifølgje Nydal.
Grunngjevinga for kanselleringa er den same for alle tre; for sein levering og at båtane ikkje innfrir kravet til fart.
Blant interessentane til båtane er det både turistbåt- og rutebåtoperatørar, ifølgje Nydal. Han seier forseinkingane skuldast ein kombinasjon av teknisk krevande bygging og kapasitetsproblem på verftet.
Diesel og batteri
Norled bestilte dei tre båtane i 2023. Kontrakten var på 420 millionar kroner og planen var at dei skulle leverast i fjor. To skulle gå i rute mellom Kristiansund og Trondheim, og ein i rute i mellom Ørlandet og Trondheim.
Kontrakten er den største verftet nokon gang har inngått.
Alle båtane skulle gå full distanse på batteri, ved hjelp av batteribytte undervegs.
Det blir ikkje løysinga om verftet finn nye kjøparar. Då blir det batteri som kan ladast frå land, eller av dieselmotoren ombord, og båtane blir såkalla hybridbåtar som dels går på straum og dels på diesel, ifølgje Nydal.
Eit halv knop for sakte
Nydal seier avtalen med Norled var at båtane skulle gå i 33 knops fart ved eit avtalt energiforbruk, med eit slingringsmonn på pluss/minus to knop.
Den første båten greidde 30,5 knop innan det energiforbruket som var avtalt, ifølgje Nydal.
Styreleiaren vedgår at verftet tykkjer Norled har vore strenge.
– Ja, det er klart vi syns det. Men vi har óg sagt at dei er i sin fulle rett til å kansellere, seier Nydal.
Pusterom til 16. mai
Ein avtale med Fjord1 og Rødne - som begge har båtar i bestilling hos Brødrene Aa - sikra hurtigbåtverftet pusterom til 9. mai. Også Sparebank 1 Sogn og Fjordane er med i partnarskapet som sikrar tid for å finne ei løysning for den største private arbeidsgivaren i Hyen.
Fristen for å finne ei løysing er no forlenga til fredag 16. mai.
– Eg trur vi finn ei løysing, men det krev at alle berørte er med på å bidra, seier Nydal.
Det betyr at også eigarane vil bli utfordra, ifølgje styreleiaren.
Hurtigbåtverftet er eigd 59,3 prosent/40,7 prosent av medlemar av Aa-familien og kinesiskeigde CKS Investment Norway.
I pluss etter tøffe år
I 2023 gjekk Brødene Aa med eit 5,2 millionar kroner i overskot av eit inntekt på 466 millionar kroner, etter fleire år med betydlege underskot.
Då 2023-rekneskapen vart offentleg i august 2024, venta selskapet at 2024-resultatet ville bli vesentleg betre.
Publisert: 08.05.2025 05:00
Sist oppdatert: 07.05.2025 22:27






