Sportsbar melde oppbod
Møteplass i Fosnavåg ga opp drifta.
Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Ah! Sport Lounge i Herøy. Det skjer etter at selskapet melde oppbod onsdag.
Rettspapira viser ei gjeld på drygt 500.000 kroner og verdiar i selskapet på drygt 50.000.
Allereie tidleg i sommar melde sportsbaren og spisestaden i Fosnavåg sentrum på si Facebook-side at dei ville gi opp drifta.
– Vi er veldig lei oss for at dette ikkje har fungert slik vi har ønska, heitte det i meldinga.
Ah! Sport Lounge starta opp i 2020 og dei to første driftsåra gjekk i pluss. I 2022 enda rekneskapen med eit underskot på drygt 300.000 kroner etter ei omsetning på knappe 1,8 millionar kroner.
I årsmeldinga som blei levert i juni, viser styret til at aksjekapitalen var tapt, men at det blei jobba med å auka omsetning og betre lønnsemda. Same år sysselsette selskapet to årsverk.
Bustyrar i saka er Linda Brevik og første skiftesamling er planlagt 3. oktober.
Publisert: 23.08.2023 15:56
Sist oppdatert: 24.08.2023 13:58