NPK: Etter ein laber start på turistsesongen for mange, kan fleire distriktshotell no gle seg over stor pågang og fulle hus.
– Vi har hatt fullt hus sidan pinse, og her er fullbooka fram til 15. august, seier hotellsjef Preben Moen ved Gloppen Hotell til
Både for Gloppen Hotell og Leikanger Fjordhotell har pågangen vore så stor at dei har måtta kjøpa ekstra senger.
Ifylgje administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv, er situasjonen mykje den same for mindre hotell andre stader i landet.
– Mange har fått ein betre juli-månad enn frykta, og i dette tøffe 2020-året vil kvar einaste månad med inntekt telja, seier ho.
I dei store byane slit derimot dei store hotella framleis med å fylla ordrebøkene.

Publisert: 16.07.2020 20:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26