Straumprisane gjer at Noregs Hytteforbund trur fritidsbustadsmarknaden kan kollapse i 2023.
Det er venta full brems og tilbakegang i den ordinære bustadmarknaden, ifølgje prognosar frå Eiendom Norge. Samtidig seier styreleiaren i Noregs Hytteforbund at om straumprisane held seg på dagens nivå, blir det full stans og kollaps i hyttemarknaden, skriv NRK.
– Held det fram, så kan dei vanlege prognosane på fritidsbustader berre blir kasta. Då vil 50 prosent av hytteeigarane slutte å bruke hytta i vinter, seier styreleiar Trond Hagen til NRK.
Henning Lauridsen i Eiendom Norge trur likevel at fritidsbustadmarknaden kan unngå den store nedgangen fordi folk har is i magen.
– Det som lettare kan skje i fritidsbustadmarknaden, enn i den ordinære bustadmarknaden, er at folk vel å vente med å selje til marknaden betrar seg, seier Lauridsen til allmennkringkastaren.
Publisert: 27.12.2022 10:41
Sist oppdatert: 27.12.2022 10:42