Kort fortalt

SSB: Realinntekta fall i fjor

Nedgang på 1,4 prosent.

19.12.2023

(NPK-NTB): Norske hushald fekk ein nedgang i realinntektene på 1,4 prosent i 2022. Mediannintekten var på sitt lågaste sidan 2012.

Samtidig auka talet på personar med låginntekt med 18.600 personar frå året før, skriv SSB.

I 2022 hadde norske privathushald, utanom studenthushald, ein median inntekt etter skatt på 590.400 kroner, viser nye tal frå statistikken. Samanlikna med året før har realinntektene falle med 1,4 prosent, eller 8.600 kroner.

Ein må tilbake til 2012 for å finne lågare medianinntekt enn den vi finn i 2022, ifølgje SSB.

– Den største drivaren for nedgang i samla realinntekt kjem av den relativt høge prisveksten på 5,8 prosent frå 2021-2022, seier seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå, Lene Sandvik.

Publisert: 19.12.2023 13:38

Sist oppdatert: 19.12.2023 13:38

Mer om