Kort fortalt

SSB spår låge lønnstillegg

Og nedgang i privat forbruk.

28.04.2020
NPK-NTB: Statistisk sentralbyrå spår 2 prosent lønnsvekst og 10 prosent fall i privat forbruk. Så mykje som ein seksdel av inntekta til hushalda vil gå i sparegrisen.
– Svak lønnsemd i industrien vil gi låge lønnstillegg både i år og neste år. Det vil spreie seg til andre næringar og offentleg sektor, seier forskar Thomas von Brasch i Statistisk sentralbyrå (SSB) til Aftenposten.
SSB legg til grunn av nedgangstidene for norsk industri vil bety magre lønnsoppgjer for alle i landet, at oljeprisen, som har stupt, vil halde eit framleis labert nivå og at dei mest inngripande smitteverntiltaka gradvis blir fjerna i andre halvår i år. Lønnsveksten i år spår dei blir 2 prosent.
– Ein stor del lønnsveksten i år vil komme gjennom overhenget frå i fjor. Bidraget frå lønnsoppgjeret i haust blir beskjedent, seier von Brasch.
Samtidig anslår dei redusert privat forbruk på 10 prosent i år, rett og slett fordi folk sit inn og ikkje bruker pengar slik dei gjorde før. SSBs anslår at hushalda vil spare heile 16 prosent av inntekta sine i år.
SSB har prøvd seg med prognosar for norsk økonomi til 2023, men alt er svært usikkert.

Publisert: 28.04.2020 09:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28