NPK-NTB-Steinar Schjetne: Norske bankar gjorde det endå litt vanskelegare å skaffe seg bustadlån i andre kvartal i år, ifølgje Noregs Bank.
Bankane stramma relativt kraftig inn på utlånspraksisen i første kvartal, og melder no at det i andre kvartal vart stramma ytterlegare noko inn. Samtidig auka etterspørselen etter lån, viser utlånsundersøkinga til Noregs Bank for andre kvartal.
Innstramminga kjem først og fremst av endringane i bustadlånsforskrifta. Andre faktorar – som misleghald, kapitaldekning og risikoviljen til bankane – hadde underordna betydning.
Det har berre vore mindre endringar i lånevilkåra til bankane.
Samtidig rapporterte bankane om auka inntening på bustadlån i andre kvartal, først og fremst fordi finansieringskostnadene er lågare. Det same gjeld marginane på utlån til ikkje -finansielle føretak.
Dei ti største bankane i den norske lånemarknaden deltar i den kvartalsvise utlånsundersøkinga, det vil seie DNB, Nordea, Danske Bank, Handelsbanken, Sparebank 1 SRbank, Sparebank 1 SMN, Sparebank 1 Nord-Noreg, Sparebank 1 Austlandet, Sparebanken Vest og Sparebanken Sør.
Bankane stramma relativt kraftig inn på utlånspraksisen i første kvartal, og melder no at det i andre kvartal vart stramma ytterlegare noko inn. Samtidig auka etterspørselen etter lån, viser utlånsundersøkinga til Noregs Bank for andre kvartal.
Innstramminga kjem først og fremst av endringane i bustadlånsforskrifta. Andre faktorar – som misleghald, kapitaldekning og risikoviljen til bankane – hadde underordna betydning.
Det har berre vore mindre endringar i lånevilkåra til bankane.
Tener meir på lån
I bustadlånsforskrifta blir det stilt strengare krav til eigenkapital ved lån til sekundærbustad i Oslo. Etter den nye forskrifta aukar kravet til 40 prosent. I resten av landet er kravet framleis 15 prosent. Regjeringa innførte også eit krav om at det samla lånet til kunden ikkje skal overstige fem gonger brutto inntekt.Samtidig rapporterte bankane om auka inntening på bustadlån i andre kvartal, først og fremst fordi finansieringskostnadene er lågare. Det same gjeld marginane på utlån til ikkje -finansielle føretak.
Dei ti største
Utlånspraksisen overfor ikkje-finansielle føretak var så å seie uendra i andre kvartal i år, og er venta å halde seg slik i neste kvartal også.Dei ti største bankane i den norske lånemarknaden deltar i den kvartalsvise utlånsundersøkinga, det vil seie DNB, Nordea, Danske Bank, Handelsbanken, Sparebank 1 SRbank, Sparebank 1 SMN, Sparebank 1 Nord-Noreg, Sparebank 1 Austlandet, Sparebanken Vest og Sparebanken Sør.
Publisert: 03.08.2017 12:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41





