Stadt februar 20024 foto stadt
STOR LEVERING: Dagleg leiar Hallvard Slettevoll (nr. 4. f.h.) saman med tilsette ved Stadt Naval i Gjerdsvika framfor noko av utstyret som er klar til levering. Foto: Stadt Naval
Kort fortalt

Stadt leverer til storordre

Seks fulle semitrailerar på veg med utstyr til Nato-skip.

Marius Rosbach
01.02.2024

Stadt Naval er i desse dagar i full sving med å levere ein ordre som har stor betydning for Gjerdsvika-bedrifta.

I alt skal seks fulle semitrailerar lastast med elektroteknisk utstyr. Dette skal om bord på skip som Saab har under bygging for et ukjent Nato-land, opplyser selskapet i ei pressemelding.

Saab har valt ei støyfri diesel-elektrisk løysing som standard på skipa.

Stadt har siste dei åra satsa stort inn mot forsvarsmarknaden, og har levert framdriftsløysingar til fleire militære skip. Truleg er Stadt einaste bedrifta som er tungt inne i denne marknaden her i regionen.

Stor pågang gjer at Stadt-gruppa no ekspanderer kraftig, og dei søker no etter elektro-ingeniørar, opplyser selskapet.

Publisert: 01.02.2024 11:24

Sist oppdatert: 01.02.2024 11:24

Mer om