– Klyngesamarbeidet har ikkje gitt oss så mykje
Kritisk Stadt-sjef på scena under klyngekonferansen.
Stadt-sjef Hallvard Slettevoll var mellom dei som hadde innlegg under årets klyngekonferanse for CGE Blue Maritime i Ålesund.
Den maritime utstyrsleverandøren held til i Gjerdsvika i Sande og har vore i bransjen sidan 1980-talet. Med andre ord burde dei ha gode moglegheiter til å dra nytte av klyngesamarbeidet på Nordvestlandet.
Slik har det ikkje vore erkjente Slettevoll.
– Klyngesamarbeidet har ikkje gitt oss så mykje og vi har ikkje levert så mykje til sunnmørsrederi, fortalde han.
Kvifor det hadde blitt slik, ville han ikkje seie for sikkert. Men Slettevoll har opplevd at mange har vore meir opptekne av å konkurrere, enn å samarbeide.
– Vi er verken såre eller sure for det, men det har vore vanskeleg å få til forpliktande samarbeid, la han til.
Njål Sævik: – Vi må bli betre
Styreleiar Njål Sævik i klyngeselskapet GCE Blue Maritime legg ikkje skjul på at dei har «forbetringspotensiale».
– Vi må bli betre. Også trur eg det er utfordrande å få med seg alle på eit slikt prosjekt, men det må vi handtere og ta seriøst, seier han til NETT NO om synspunkta til Stadt-sjefen.
(saka held fram under)
Sævik var også inne på temaet då han ønska velkomen. Han viste mellom anna til at mange av dei maritime bedriftene ikkje har vore like gode på samarbeid dei siste åra.
– Det eine er at vi ei periode hadde så mykje å gjere alle saman, at vi hadde ikkje same behovet for samarbeid, påpeiker Sævik.
Vil prøve å gjenskape samarbeid
Spesielt offshorebransjen var også gjennom en kraftig nedtur, med påfølgjande koronanpandemi. Det har gjort at kanskje fleire har hatt «nok med seg sjølv», trur Sævik.
- Eg trur vi må prøve å gjenskape det samarbeidet litt meir enn det har vore dei siste åra, legg han til.
Har opna kontor i Singapore og Hellas
Sjølv om Stadt-sjef Hallvard Slettevoll erkjente at bedrifta ikkje hadde
fått så godt gjennomslag i Norge, som dei kanskje ønska seg – har dei
hatt mykje å gjere internasjonalt.
Selskapet har levert utstyr til kring 150 skip globalt, og heile 95 prosent av omsetninga er eksport. No har bedrifta opna avdelingar både i Singapore og den greske hovudstaden Aten.
Dei siste åra har Stadt óg opplevd eit gjennombrot for militære fartøy. Mellom anna er dei med i eit større EU-prosjekt der målet er å bygge opptil 40 nye marinefartøy for europeiske land. Med på konsortiumet er også store aktørar som Fincantieri.
– Her har vi fått ei veldig spennande rolle med å vere pådriver i energi- og propulsjonsutviklinga for slike fartøy, fortalde Slettevoll.
Publisert: 22.09.2022 12:31
Sist oppdatert: 22.09.2022 19:33