Stadt Naval i Gjerdsvika har inngått samarbeid med Pon Power om å levere eit elektrisk framdriftssystem, spesielt utvikla for militære fartøy.
Det går fram av ei pressemelding.
Med felles systemdesign vil partnerane tilby marknaden ei løysing dei mellom anna meiner vil redusere driftskostnadene med 30-35 prosent gjennom levetida til fartøya.
Pon Power er del av det nederlandskeigde Pon-gruppen, og er mellom anna forhandlar av Caterpillar-motorar. Desse vil også inngå i løysinga frå partnerane.
Publisert: 05.11.2024 16:29
Sist oppdatert: 05.11.2024 16:29