(NPK): Ålesund kommunestyre vedtok at Ålesundregionens hamnestell og landstraumfirmaet Plug Holding får opprette aksjeselskap saman.
Aksjeselskapet skal stå for og drive eit landstraumanlegg til cruiseskip og andre større skip i Ålesund, . Ålesundregionens hamnestell og Plug Holding skal eige halvparten kvar av aksjeselskapet.
Miljøpartiet Dei Grøne var usikre på om dei skulle stemme for vedtaket. Partiet ønsker først og fremst cruisetrafikken ut av sentrum, der cruiseskipa ligg i dag. Likevel stemte dei for, då dei ikkje ville risikere å miste moglegheita til å få på plass landstraum.
– Landstraum er eit viktig miljøtiltak, sjølv om det berre er ein liten del av forureininga frå skip som skjer under liggjetid ved kai, sa Jarle Hauge Steffensen (MDG) i debatten ifølgje Sunnmørsposten.
Saka blei difor vedtatt av eit nært samrøystes kommunestyre, skriv Sunnmørsposten.
(©NPK)

Publisert: 11.05.2020 16:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27