Kort fortalt

Statsforvaltaren negativ til Sulagondol

Kritisk i sitt høyringssvar.

09.02.2023

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal meiner bygging av gondol på Sulafjellet vil gi ei rekkje negative konsekvensar for natur og friluft, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

Inngrepet gir betydeleg miljøskade for fjellhei og sterkt trua kystlynghei og får konsekvensar for trua fugleartar og trua myrområde, skriv mellom anna Statsforvaltaren sitt høyringssvar til kommunen.

Reiselivssatsinga går ut på å bygge ei gondolbane frå Langevåg sentrum til Sulafjellet. Planforslaget har vore ute på høyring og fristen går ut torsdag.

Publisert: 09.02.2023 12:37

Sist oppdatert: 09.02.2023 15:37

Mer om