Kort fortalt

Statstilsette får jobbe lenger

Alle får jobbe til dei er 70.

16.06.2020
NPK-NTB: Regjeringa vil oppheve plikta til å slutte ved oppnådd særaldersgrense og vil la alle statstilsette jobbe til dei blir 70 år.
Kvar femte statstilsette har i dag ei særaldersgrense på anten 60, 63 eller 65 år. Noko som gjer at dei må pensjonere seg før dei fyller 70.
No sender regjeringa ut eit forslag på høyring som vil fjerne desse grensene, melder
– I dag er det veldig mange tilsette som blir tvinga ut i pensjon, medan dei eigentleg føler at dei har lyst og kapasitet til å halde fram med å jobbe. Det skal dei no få lov til, viss dei vil, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Forslaget inneber ikkje at dei som vel å jobbe til dei er 70 år, får meir i pensjon.

Publisert: 16.06.2020 09:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26