Kort fortalt

Steinbrot-strid i Bremanger

Bremanger vil ha helleristingar på Unesco-liste og steinbrot i nærleiken.

19.05.2020
NPK: Bremanger kommune vil ha 2.200 helleristingar inn på Unesco si verdsarvliste. I same område vil dei òg gje løyve til eit steinbrot. Arkeolog meiner dei ikkje kan få i pose og sekk.
Vingen-feltet med over 2.200 helleristingar som er rundt 7.000 år gamle, ligg fem kilometer unna området kommunen vil gjere om til eit steinbrot. Arkeolog Trond Lødøen ved Universitetsmuseet i Bergen meiner steinbrotet vil øydeleggje kulturlandskapet, sjølv om ein ikkje rører helleristingsfeltet, skriv .
– Eg reagerer på at ein skal ha eit så brutalt steinbrot i eit veldig urørt natur- og kulturlandskap. I tillegg til å øydeleggje heile utsynet, vil det bli ei rekke tilfelle av slamforureining og store støy- og støvmengder, forklarer Lødøen til NRK.
Fylkesmannen og fylkeskommunen har tidlegare gitt avslag på plan om å opprette eit steinbrot i området, men eit belgisk selskap har no levert eit nytt framlegg til steinbrot som ikkje er handsama.
Bremanger kommune har òg starta eit arbeid med å få alle dei 2.200 helleristingane inn på Unesco si verdsarvliste.
Ordførar i Bremanger kommune, Anne Kristin Førde seier til NRK at ho håper og trur at eit steinbrot ikkje vil stå i konflikt med å få Vingen-feltet inn på verdsarvlista.

Publisert: 19.05.2020 07:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27