Kort fortalt

Steinsland skal leie innbyggartorga

Skal samordne tenester i nye Ålesund.

20.08.2019
Hege Steinsland (53) er tilsett som verksemdsleiar for innbyggartorga i nye Ålesund. Ho er no prosessrettleiar i firmaet Relasjonsutvikling i Brattvåg.
Hege Steinsland har mange års erfaring som prosessrettleiar og har arbeidd med endring, teamutvikling konflikthandtering og coaching i ei årrekke. Ho har også bakgrunn frå pedagogisk arbeid ved Høgskulen i Ålesund, vore kirkeverge og kateket, vert det opplyst i ei pressemelding.
Steinsland har ein mastergrad i Relasjonsledelse frå NTNU og utdanning i Gestaltveiledning/coaching.
Jobben til Hege Steinsland blir å leie innbyggertorga som blant anna samlar bibliotek, frivillegsentralar og servicetorg.
Ho begynner i stillinga i 30 % frå 1. september og er på plass 100 % frå nyttår.
Målet med innbyggartorga er å ha ein felles arena for kommunens brukerrretta tenester og ein stad for samfunnsutvikling og nærdemokrati. Det skal vere innbyggartorg på det som i dag er kommunesenteret i alle dei fem kommunane.
Ved innbyggartorga skal ein få generell informasjon om kommunale tenester og råd og rettleiing til å nytte skjema og sende søknadar. Det vil óg vere å snakke med eller avtale møtetid med ein saksbehandlar. Innbyggartorga skal legge til rette for lokale arrangement og koordinere aktivitet saman med frivillege lag og organisasjonar, næringsliv og andre samfunnsaktørar, vert det opplyst.

Publisert: 20.08.2019 09:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33