Kort fortalt

Stoppar vindkraftutbyggjarar

Aksjonar i gang på Haramsøya.

19.05.2020
Operasjonsleiar Per Åge Ferstad i politiet fortel til at demonstrantar hindrar lastebilar å køyre iland med ein barrikade av bilar på ferjekaia på Haramsøya.
Politiet prøver å løyse saka gjennom dialog, men seier at det i ytterste konsekvens kan verte aktuelt å fjerne demonstrantane med makt.
Ifølgje avisa vart fleire lastebilar med utstyr forhindra frå å køyre på land, og måtte vere med Norled-ferja tilbake.
Det skal setjast opp åtte vindturbinar på Haramsøya. Olje- og energidepartementet godkjende planane i mars, trass sterke protestar.

Publisert: 19.05.2020 13:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27