NPK: Eit aukande kveitefiske er i ferd med å bli stadig viktigare for mange kystfiskarar. Men varsellampene blinkar, skriv Fiskeribladet.
– Kveitefisket har auka formidabelt dei siste 20 åra, og i dag er landa kvantum på eit nivå som kanskje gjer det nødvendig å bremse utviklinga litt, seier forskar og kveiteansvarleg ved Havforskingsinstituttet, Erik Berg, til
Han understrekar likevel at ingenting i dag tyder på at kveitebestanden har problem.
– Men historia til det kystnære kveitefisket gir grunn til å vere ekstra på vakt. I dag landar både yrkesfiskarar, fritidsfiskarar og turistfiskarar mykje kveite, og spesielt tendensen til å fiske små kveiter på stadig grunnare vatn er eit faresignal, seier Berg.
Hos Norges Råfisklag vert det stadfesta at landingstala av kveitefisket no aukar i stort sett alle område.
– Ser ein på tala berre frå i fjor til i år, har Aust-Finnmark auka frå 84 til 184 tonn kveite, Vest-Finnmark har gått litt ned frå 409 til 392 tonn, Troms har auka frå 572 til 690 tonn, Vesterålen har auka frå 149 til 183 tonn, Lofoten har gått frå 425 til 531 tonn, og eit område som Helgeland har auka kveitefisket sitt frå 180 til 244 tonn, samanfattar omsetningssjef Willy Godtliebsen.
Fiskeridirektoratet er klar over kveitefisket og at det til dels har vore drive parallelt med anna fiske.

Publisert: 10.12.2019 19:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31