(NPK-NTB): Nesten 50 prosent av dei spurde i ei ny meiningsmåling er negative til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.
Heile 49,6 prosent svarar nei, mens 35,5 prosent er positive og 15 prosent svarar at dei ikkje har gjort seg opp ei meining enno, skriv .
Ikkje overraskande er nordlendingar mest negative til tanken på oljeboring utanfor døra. I Nord-Noreg seier nemleg 56,9 prosent nei, noko som er høgast i landet saman med Oslo, der like mange seier nei til oljeutvinning.
Delen tilhengarar er likevel litt høgare i hovudstaden enn nord i landet, 32,4 prosent seier ja i Oslo, mot 30,4 prosent i Nord-Noreg.
På Vestlandet er ein mest positive til oljeboring i Nord-Noreg, 38,5 prosent seier ja, men framleis er motstandarane i fleirtal.
Blant partia er veljarane til Frp og Høgre dei einaste der eit fleirtal er for oljeboring, i alle andre parti er neisida i stort fleirtal, skriv avisa.
Undersøkinga er utført av Sentio på oppdrag frå Klassekampen.
(©NPK)

Publisert: 28.12.2016 10:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43