(NPK-NETT.NO): Optimismen er stor i norsk reiselivsnæring, viser NHO Reiselivs medlemsundersøking for august.
Nesten ni av ti medlemsbedrifter seier marknadssituasjonen er god eller tilfredsstillande, ifølgje undersøkinga NHO.
I Møre og Romsdal ventar 83 prosent av dei spurte like gode, eller betre bookingtal til hausten, samanlikna med fjoråret. 17 prosent melder om dårlegare bookingtal.
I Vestland fylket er optimismen kring hausten litt mindre, med 58 prosent som ventar like god, eller betre besøk dei komande månadene.
Optimismen kring hausten er størst i Nordland og Troms fylker med høvesvis 85 og 92 prosent som har like gode, eller betre tal.
38 prosent av bedriftene beskriv situasjonen som god i august. Det er auke frå 32 prosent i juli. Det er også betydeleg høgare enn same månad i fjor, då 28 prosent melde om god marknadssituasjon.
48 prosent av bedriftene rapporterer om høgare omsetning så langt i sommar samanlikna med i fjor.
(©NPK)
Publisert: 18.08.2025 15:44
Sist oppdatert: 18.08.2025 15:44






