I mai i fjor overtok Uteguiden guideverksemda til Flakk Gruppen sitt reiselivsselskap 62 grader Nord Hotels & Adventures. Det vart eit vendepunkt for aktivitetsselskapet som Oscar Almgren starta i 2012.
Aktiviteten peika bratt opp. På få vekers varsel skulle tilsette frå to selskap samlast under ein paraply.
– I fjor sommar var det mykje «armar og bein» og alt handla om å kome seg gjennom sesongen, fortel reiselivsgründeren til Nett No.
Resultatet vart ei auke i omsetninga på meir enn 65 prosent i 2024 samanlikna med året før. Marginane vart betydeleg knappare, utan at det tek nattesøvnen frå Almgren.
– Det kosta ein del å ta det steget vi gjorde, men det visste vi. Det er ikkje noko å uroa seg for, og skal vere på plass att i år, fortel han.
| Uteguiden AS | ||
| Årsresultat (i mill kr) | ||
2024 | 2023 | |
| Driftsinntekter | 37,2 | 22,6 |
| Driftsresultat | 0,7 | 1,8 |
| Res. før skatt | 0,2 | 1,6 |
Frå to til 16 tilsette
Uteguiden har vekse jamt og trutt sidan Almgren starta med eit enkeltpersonføretak for snart 15 år sidan.
Då koronapandemien kom, vart det brems – og selskapet var nede i to tilsette. I dag er dei oppe i 16 heilårstilsette - og kring 75 personar som er sesongtilsett. Samla utgjorde det 28 årsverk i 2024.
– Vi gjorde om på organiseringa i fjor haust og delte opp i avdelingar med personalansvar og tydeleg rollefordeling, fortel Almgren.
– No har vi til og med fått oss «vaksenkontor», i staden for å sitte ved ein pult på bakrommet, legg han til.
I fjor opna dei avdelingar i Åndalsnes, Molde og Geiranger. Frå før har dei lokalar i Ålesund, Stranda og Valldal.
No har vi til og med fått oss «vaksenkontor», i staden for å sitte ved ein pult på bakrommet

– Pengane sitt lausare
Almgren har vore tydeleg på at dei vil kapre større delar av marknaden med dei best betalande gjestane. Det har dei lukkast med -og i enda større grad etter avtalen med 62 grader Nord.
– Dei siste åra har vi merka at pengane sitt lausare hos ein del av kundane våre, fortel Almgren.
Selskapet har auka aktiviteten både i vinter – då snømangel ga ein «skrekksesong» for dei fleste skisentera – og no i sommar, som ligg an til å bli ein ny rekordsesong.
Fleire bookar private turar
Medan den typiske Uteguiden-kunden tidlegare var ein vaksen mannleg toppturentusiast, får dei no fleire «vanlege» turistar.
– Dei har det blitt mange fleire av, takka vere avtalen med 62 grader Nord, seier Almgren.
Han fortel at dei er fleire som bookar private turar på ein halv, eller heil dag der dei vil ha ulike aktivitetar. Om sommaren vel mange å kombinere sykkeltur og kajakkpadling, medan fleire vil gå på trugar og langrenn om vinteren.
– Det er lettare å drive meirsal, ved å få folk til å ta private turar og gjere fleire aktivitetar, seier Uteguiden-sjefen.

Helsar ny standard for guidar velkomen
Ein anna skilnad for Uteguiden etter 62 grader Nord-avtalen – som inkluderer ribturar for turistar på sjøen – er krav og grad av kontroll av verksemda frå styresmaktene.
– Då kom vi under regelverket til Sjøfartsdirektoratet, og vi har hatt fleire kontrollen på eit halvår med rib-turar, enn vi har hatt nokon gong før, seier Almgren.
Samtidig helsar han velkomen regjeringa sitt arbeid med å utvikle ein standard for guidar i norsk reiseliv.
– Det må til for å få meir kvalifisert arbeidskraft og profesjonalisere bransjen, seier han.
Har vurdert å utvide til fleire plassar
Turverksemda til svensken som har gjort strandar av seg, har no blitt den dominerande aktøren i marknaden på Nordvestlandet.
Almgren fortel at dei har vurdert å etablere seg fleire plassar i landet, men at dei førebels har hatt nok opp med å takle veksten.
– Vi ser at vi aukar aktiviteten, samtidig som vi framleis har mykje kapasitet igjen, seier han.
Publisert: 04.07.2025 09:14
Sist oppdatert: 04.07.2025 12:13






