Kort fortalt

Stor-Ålesund må spare

Kuttar 50 stillingar i skulen.

22.05.2020
NPK: Den nye storkommunen Ålesund må spare pengar, det fører til at dei må kutte 50 av 800 stillingar i skulen. Det gjer foreldre og lærarar sinte.
– Eg håpar kommunen forstår at dei ikkje kan gjennomføre dette. No er det opprør blant oss lærarane, seier Elizabeth Rasch Solbak, til NRK.
Varaordførar i Ålesund kommune, og tidlegare ordførar i Haram kommune, Vebjørn Krogsæter (Sp), reagerer på at ein har gått inn i storkommunen med så dårlege økonomiske føresetnader. No etterlyser han ein debatt kring korleis ein vil drive skulen i Ålesund, skriv .
– Det er dårleg for samhaldet i den nye kommunen, at ein går inn med så dårlege økonomiske føresetnadar. Kutt i skulesektoren er uønskt, seier Krogsæter.
Foreldre og lærar er på si side redd for korleis kutta vil påverke elevane. Dei er redd det vil få konsekvensar for dei elevane som allereie slit, og spør kvifor kommunen ikkje kan spare pengar andre stader.
Ålesund kommune seier kutta ikkje skal bryte med lovverket kring opplæring, og ikkje skal gå utover dei svakaste elevane.
Stillingar som er skissert kutta gjeld både lærarar, miljøarbeidarar og assistentar.

Publisert: 22.05.2020 16:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27