Børsdagen: Trur oppdrettar held fram mot straumen
Analytikar likar det ho ser frå Salmon Evolution, men ein anna oppdrettar auka mest.
Tysdag vart nok ein dag med oppgang på Oslo børs. Slik var det også for fleirparten av selskapa frå Nordvestlandet (sjå tabell under).
Statt Torsk var tysdagens vinnar av selskapa frå regionen med ei auke på 5,56 prosent til 2,09 kroner per aksje.
Før helga kunne selskapet fortelje at dei har løyve til å doble produksjonen på anlegget i Vanylvsfjorden. Måndag melde selskapet at dei hadde sikra seg finansiering for halvananna år framover.
Trur på vekstplanane
Eit anna – landbasert – oppdrettsselskap som fekk merksemd tysdag, var Salmon Evolution.
Kapitalforvaltar Audhild Asheim Aabø, i Nordea Asset Management, fortel til Finansavisen at ho meiner dagens børsverdi på 3,1 milliardar kroner ikkje speglar vekstplanane til Salmon Evolution utanfor Norge.
Ho viser til dei gode resultata selskapet har hatt med den første smolten på Indre Harøy., som har vakse meir enn venta. I førre veke kom andre kullet med ungfisk i kara ved anlegget.– Ein skal vere forsiktig med å ileggje for stor verdi på slaktevolum lang fram i tid, men dagens prisin reflekterer berre verdien av dei to første utbyggingstrinna på Indre Harøy, seier Aabø til avisa.
Mot straumen i år
Salmon Evolution har planar om fleire byggetrinn på anlegget på Indre Harøy, og har innleia joint venture-samarbeid om anlegg i Sør-Korea. I tillegg vurderer dei anlegg i USA.
Aksjekursen for selskapet har gått mot straumen samanlikna med dei fleste selskapa som driv med landbasert oppdrett, og auka kring 20 prosent sidan børsnoteringa.
Kursen tysdag gjekk opp 0,9 prosent.
Kursutvikling for selskap frå Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag | |
Statt Torsk | 2,09 | 5,56 % | |
Nortel | 18,7 | 5,06 % | |
Arctic Bioscience | 15,5 | 4,03 % | |
Sparebanken Møre | 73,99 | 3,27 % | |
Endúr | 23,78 | 2,08 % | |
Hexagon Purus | 25,9 | 1,49 % | |
Norva24 Group * | 35,02 | 1,08 % | |
Salmon Evolution | 8,98 | 0,90 % | |
Hofseth Biocare | 3,7 | 0,27 % | |
Havyard Group | 4,005 | 0,12 % | |
Havila Kystruten | 19,75 | 0,00 % | |
Hav Group | 13,3 | -0,02 % | |
Hexagon Composites | 28,36 | -0,07 % | |
Atlantic Sapphire | 18,91 | -0,99 % | |
Golden Energy Offshore Services | 1,43 | -1,38 % | |
Havila Shipping | 13,6 | -2,86 % | | |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen. |
Publisert: 19.07.2022 20:30
Sist oppdatert: 20.07.2022 01:30